Piperfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Piper er eit oljefelt i Nordsjøen mellom Skottland og Noreg. Feltet ligg i sektoren til Storbritannia. Det vert frakta råolje frå feltet via ein røyrleidning til mottaksterminalen på øya Flotta, ei av Orknøyane. På feltet stod oljeplattforma Piper Alpha (Piper A). Den 6. juli 1988 braut det ut brann på plattforma. Ei lekkasje av naturgass gav opphav til ein serie eksplosjonar. I ulukka døydde 167 av dei 229 personane på Piper Alpha.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]