Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orknøyane
Orkney
Àrcaibh
2007 Flag of Orkney.svg
ScotlandOrkneyIslands.png
Geografi
Areal
990 km²
Administrasjonsstad
Kirkwall
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

19 900
20,1 /km²

Orknøyane (engelsk Orkney, skotsk-gælisk Arcaibh[1][2], norrønt Orkneyjar) er ei øygruppe nord for Skottland, 16 km nord for kysten av Caithness. Orknøyane består av om lag 70 øyar og 20 av desse er busette.[3][4] Den største øya vert kalla Mainland (eit ord som vanlegvis tyder fastlandet) og er den sjette største øya i Skottland[5] og den tiande største av Dei britiske øyane.

Administrasjonssenteret er Kirkwall, som ligg på Mainland.[6] Byen har omkring 7000 innbyggjarar, medan den einaste andre byen, Stromness, har om lag 2000 innbyggjarar (2004). Med i alt drygt 20 000 innbyggarar har Orknøyane det lågaste folketalet av dei 32 skotske regionane.

Namnet Orknøyane går heilt attende til det fyrste hundreåret f.Kr. eller tidlegare og øyane har vore busette i minst 8500 år. Opphavleg var dei busette av folk frå mellomsteinalderen og yngre steinalder og så av piktarar. Orknøyane vart erobra av Noreg i 875 og busett av nordmenn. Dei vart seinare annekterte av Kongedømet Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til Jakob III, Margaret av Danmark.[7] Orknøyane har nokre av dei eldste og best bevarte steinalderstadene i Europa, og «Heart of Neolithic Orkney» (Hjarta på Orknøyane frå yngre steinalder) har status som ein verdsarvstad.

Orknøyane er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Øyane vert styrte av det lokale regionsrådet Orkney Islands Council.

I tillegg til Mainland, ligg dei fleste av øyane i to grupper, Nord- og Sørøyane. Alle øyane består av old red sandstone (gamal raud sandstein). Klimaet er mildt og jordsmonet særs frodig. Det meste av landet er oppdyrka. Jordbruk er ein av hovudnæringane, medan vindenergi og marin energi stadig vert viktigare.

Bakgrunnen for namnet Orknøyane[endre | endre wikiteksten]

Nokre selar på Orknøyane.

Namnet på øygruppa har røter attende til oldtidsgeografen Klaudios Ptolemaios (fødd 90 e.Kr, død 168 e.Kr) som kalla øyane for Orcades. Det gamle gæliske namnet på øygruppa var Insi Orc som tyder «øya til Orcane» der Orc tyder ung gris eller villsvin. Då dei norske vikingane kom til øya, tolka dei ordet Orc som Orkn, som var eit gamalt norrønt ord for sel eller kobbe. Namnet Orkneyjar vart sidan avkorta til Orkney på engelsk.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Den største øya er kjend som The Mainland. Andre øyar vert gruppert ut i frå om dei ligg sør eller nord for hovudøya.

Nordlege øyar[endre | endre wikiteksten]

Sørlege øyar[endre | endre wikiteksten]

I 1468 vart Orknøyane og Shetlandsøyane pantsett av danske kong Christian I til kong Jakob III av Skottland. Etter som pengane ikkje vart betalte, vart øyane liggjande under den skotske krona.

I sogene om kong Arthur er Orknøyane heimen til Kong Lot, Sir Gareth, Sir Gaheris, Sir Gawaine, og Sir Agravain.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det eldre Norn vart gradvis bytt med skotsk. I sin tur er dette vorte skotsk-engelsk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Orknøyingasoga
Orknøyjarlane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dieckhoff, H. (1932) A Pronouncing Dictionary of Skotsk-gælisk; reprinted in 1988 by Gairm ISBN 1-871901-18-9
  2. Mark, C. ( 2004) The Gaelic-English Dictionary Routledge ISBN 0-415-29761-3
  3. Haswell-Smith (2004) s. 336-403.
  4. Wickham-Jones (2007) s. 1 skriv 67 øyar.
  5. Haswell-Smith (2004) s. 334, 502.
  6. Lamb, Raymond Kirkwall i Omand 2003) s. 184.
  7. Thompson (2008) s. 220.