Pjotr Bolotnikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pjotr Bolotnikov
Fødd 8. mars 1930
Krasnoslobodsky District
Død

20. desember 2013
Krasnoslobodsk

Yrke langdistanseløpar, trener, friidrettsutøvar

Pjotr Grigorjevitsj Bolotnikov[a] (8. mars 193020. desember 2013) var ein friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen, fødd i det som i dag er republikken Mordovia i Russland. Han vart olympisk meister på 10 000 meter i 1960 og europameister på same distansen i 1962.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bolotnikov deltok både på 5000 m og 10 000 m under sommar-OL 1956 i Melbourne. Best gjorde han det på 5000 m, der han vart nummer ni. Året etter vart han nasjonal meister på 10 000 meter, olympiameisteren Vladimir Kuts vart overraskande slått. I åra frå 1958 til 1962 vart Bolotnikov årleg dobbelt sovjetmeister på 5000 og 10 000 meter.

Under OL 1960 i Roma kontrollerte Bolotnikov mil-feltet frå starten av, og vann med fem sekundars forsprang til næraste konkurrent, Hans Grodotzki frå Tyskland. Same året forbetra Bolotnikov verdsrekorden på 10 000 meter med nesten 12 sekundar, til 28.18,8.

I 1962 forbetra Bolotnikov sin eigen verdsrekord på mila med seks tidels sekundar til 28.18,2. Under EM i friidrett 1962 i Beograd forsvarte han favorittstempelet med glans og vann 10 000-meteren med klar margin. Han var favoritt også på 5000 meter. Finaleløpet gjekk i moderat tempo og noko overraskande måtte han nøye seg med bronsemedaljen.

I 1964 vart Bolotnikov sovjetisk meister på 10 000 meter. Han deltok på distansen under sommar-OL i Tokyo, men gjorde eit svakt løp. Året etter la han opp som friidrettsutøvar.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Пётр Григорьевич Болотников

Kjelder[endre | endre wikiteksten]