Platevibrator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wacker Neuson 6055 platevibrator.

Platevibrator, eller platekompaktor er ei maskin med ei vibrerande plate, driven av ein motor, som vert nytta for å pakka saman grus i samband med byggearbeid eller vegarbeid. Maskinane er som oftast små, slik at dei er lette å koma til med der større maskinar, som vegvalsar, ikkje kan nyttast. Operatøren går attom maskina og styrer med eit styre.