Hjullastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volvo L120E hjullastar.

Hjullastar er ei anleggsmaskin som vert nytta for lasting og planering av jord, grus og stein, men og for arbeid som lasting av tømmer og trelast, rydding av snø osb.

Med unnatak av nokre små maskinar er moderne hjullastarar rammestyrte, med motoren på den bakre og lasteapparatet på den fremre delen[1].

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste hjullastarane hadde bakhjulsstyring og det var ikkje før på 1950-talet, då hydrauliske komponentar vart tilgjengelege, at rammestyring vart innført. Den fyrste hjullastaren med rammestyring tykkjest å ha vore Scoopmobile Model LD-5, som vart produsert av Mixermobile Manufacturers i Portland i Oregon i USA. Han kom på marknaden i 1953[2] og var truleg den fyrste maskina som var utstyrt med hydraulisk rammestyring.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.
  2. Haddock, K. (28. september 2010), «Advent of articulation», Construction Equipment 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]