Plesjtsjejevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plesjtsjejevo
innsjø
Lake Pleshcheyevo.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Areal 51 km²
Koordinatar 56°45′59″N 38°47′04″EKoordinatar: 56°45′59″N 38°47′04″E
Byar Pereslavl-Zalesskij
Wikimedia Commons: Lake Pleshcheyevo

Plesjtsjejevo (russisk Плеще́ево о́зеро) er ein innsjø i Jaroslavl oblast i Russland og tidlegare ein feriestad for dei russiske tsarane. Byen Pereslavl-Zalesskij ligg på søraustsida av innsjøen.

Innsjøen er ein del av Plesjtsjejevo nasjonalpark og har eit areal på 51 km², ei lengd på 9,5 km og ei 28 km lang kystlinje. Han er om lag 25 meter på det djupaste, men breidda av han er ganske grunn. Ved breidda ligg ein stor stein kalla «den blå steinen», som vart dyrka av heidenske folk i eldre tider og som framleis vert nytta i feiringar i den russisk-ortodokse kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]