Hopp til innhald

Pereslavl-Zalesskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pereslavl-Zalesskij
Переславль-Залесский
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Høgd 142 m
Areal 23 km²
Folketal 38 649 (1. januar 2018)[1]
Grunnlagd 1152
Postnummer 152020-152040
Retningsnummer +7 48535
Kart
Pereslavl-Zalesskij
56°44′17″N 38°51′22″E / 56.738133333333°N 38.856152777778°E / 56.738133333333; 38.856152777778
Wikimedia Commons: Pereslavl-Zalessky

Pereslavl-Zalesskij (russisk Пересла́вль-Зале́сский – tyder «Pereslavl, som ligg bak skogane»), er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som fødestaden til den russiske mellomalderhelten Aleksandr Nevskij og er ein del av den gylne sirkelen rundt Moskva. Pereslavl-Zalesskij har fleire vakre bygningar og kloster frå mellomalderen og hundreåra etter. Murane som omkransa byen i mellomalderen er synlege fleire stader. Like utanfor byen ligg ein av dei fyrste båtane Peter den store bygde for å lære seg skipsbygging.

Pereslavl-Zalesskij vart grunnlagd i 1152 av Fyrst Jurij Dolgorukij som ein prosjektert hovudstad for Zalesje. I tida mellom 1175 og 1302 var byen senter for Fyrstedømet Pereslavl (Zalesskij). I 1302 vart byen ein del av Storfyrstedømet Moskva. Pereslavl-Zalesskij vart øydelagd fleire gonger av mongolane frå midten av 1200-talet til tidleg på 1400-talet. 1611–1612 vart byen igjen øydelagd under den polske invasjonen.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Pereslavl-Zalesskij er kjend for sine historiske bygninger, mellom anna:

  • Spaso-Preobrazjenskij katedralen i kvit stein (1152–1157)
  • Metropolitten Peters kyrkje (1585)
  • Troitse-Danilov klosteret (1500- til 1700-talet)
  • Nikitskijklosteret (1500- til 1800-talet)
  • Feodorovskijklosteret (1500- til 1800-talet)
  • Goritskijklosteret (1600- til 1700-tallt).

Byen husar òg Institutt for Programsystemer, som er underlagt Det russiske vitskapsakademiet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pereslavl-Zalesskij