Pleyel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ignace Pleyel, grunnleggaren av føretaket Pleyel.

Pleyel er ein fransk pianoprodusent, stifta i 1807 i Paris av Ignace Pleyel. Son hans, pianisten Camille Pleyel, tok over leiinga av føretaket i 1824.

I perioden september 1923 til august 1927 utgav føretaket det musikalske tidsskriftet Revue Pleyel, som kom ut ein gong i månaden.

I 2000 vart Pleyel overteke av Manufacture française de pianos, som òg eig Érard og Gaveau. På grunn av sterk konkurranse frå asiatiske produsentar har sistnemnte føretak lagt ned produksjonen ved hovudfabrikken i Alès, som vart opna i 1973, for å flytta produksjonen til Saint-Denis.[1]. Føretaket planlegg ein reduksjon i produksjonen for å konsentrera seg om det øvste segmentet av marknaden.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nathaniel Herzberg, Pleyel quitte Alès sur une fausse note, Le Monde, 24/12-2006

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]