Plutomånen Hydra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hydra
Hydra imaged by LORRI from 231 000 kilometres.jpg
Hydra fotografert av New Horizons
Oppdaging
Oppdaga av Romteleskopet Hubble
Pluto Companion Search Team
Oppdagingsdato juni 2005
Baneskildring
Eksentrisitet 0,005 ± 0,001
38,206 ± 0,001 dagar
Banehelling 0,22° ± 0,12°
Satellitt av Pluto
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 43 x 33 kilometer [1]
Masse 5×1016 − 2×1018 kg
kaotisk
Albedo 0,04 − 0,35 (anteke)
Temperatur 33-55 K
22,9 til 23,3

Hydra (òg referert til som S/2005 P 1, Pluto III og 134340 III) er den ytste naturlege satellitten til dvergplaneten Pluto. Han vart oppdaga i lag med Nix i juni 2005 av Pluto Companion Search Team på bilete tekne av romteleskopet Hubble.

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjorde 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne stadfesta at månane fanst. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.

Sjølv om storleiken til Hydra ikkje har vorte måla direkte, gjev kalkulasjonar baserte på lysstyrke ein diameter på mellom 61 og 167 km. Det minste estimatet er gjeldande dersom reflektiviteten til Hydra er lik Charon sin, og det største om han er like dei mørkaste kuiperbelte-objekta.

Hydra vart i lag med resten av plutosystemet vitja av romsonden New Horizons i 14. juli 2015.

Hubble-bilete av Hydra og delar av Pluto-systemet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Andre kjelder: