Stuttvenger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pnoepyga)
Gå til: navigering, søk
Stuttvenger


Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventerFoto: J.M.Garg
Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer
Foto: J.M.Garg
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pnoepygidae
Slekt: Pnoepyga
Artar
  • Sjå teksten
Vitskapleg namn
Pnoepyga
Hodgson, 1844

Stuttvenger, Pnoepyga, er ei biologisk slekt av fem artar sporvefuglar endemisk til sørlege og søraustlege Asia. Slekta har lenge vore plassert i timalfamilien Timaliidae. Ein DNA-studie i 2009 av fuglar frå familiane Timaliidae og Sylviidae fann inga støtte for plasseringa av Pnoepyga-slekta i nokon familie, og forfattarar gav derfor framlegg om å oppføre slekta i ein ny monogenerisk familie, Pnoepygidae.[1] Familien har fått det norske namnet stuttvengfamilien, bokmål stuttvingefamilien.

Denne litle slekta har ei vid utbreiing i høgtliggjande delar av Sør- og Søraust-Asia. Skjelstuttveng er funnen i fjellområda i Nord-India austover til sørlege Kina og det nordlege Vietnam. Taiwanstuttveng er endemisk til Taiwan, og tilsvarande har nepalstuttveng ei utbreiing avgrensa til hovudsakleg Nepal og litt inn i India. Den mest utbreidde arten er dvergstuttveng, som lever frå Kina og India sørover gjennom Søraust-Asia ut mot Den malaysiske halvøya og Indonesia så langt som til Flores og Timor.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pnoepyga i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer, Scaly-breasted Cupwing, Hodgson, 1837, (LC)
  • Sichuanstuttveng, Pnoepyga mutica, Chinese CupwingThayer & Bangs, 1912
  • Taiwanstuttveng, Pnoepyga formosana, Taiwan Cupwing, Ingram, 1909, (LC)
  • Nepalstuttveng, Pnoepyga immaculata, Immaculate Cupwing, Martens & Eck, 1991, (LC)
  • Dvergstuttveng, Pnoepyga pusilla, Pygmy Cupwing, Hodgson, 1845, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gelang, Magnus; Cibois, Alice; Pasquet, Eric; Olsson, Urban; Alström, Per; Ericson, Per G. P. (2009). «Phylogeny of babblers (Aves, Passeriformes): major lineages, family limits and classification». Zoologica Scripta 38 (3): 225–236. doi:10.1111/j.1463-6409.2008.00374.x. 
  2. Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) pp. 70 - 291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stuttvenger