Passeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Passeri
Fossekall er ein representant for Passeri
Fossekall er ein representant for Passeri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Linné, 1758

Passeri er ein underorden av sporvefuglar i den biologiske ordenen Passeriformes. Eit anna namn som nokre gonger er brukt er Oscines, frå latinsk oscen, ein songfugl. Denne gruppa inneheld omtrent 5100 artar i over 1000 slekter. Syrinx er typisk utvikla for å lage ein variert og forseggjort fuglesong.

Ein trur Passeri utvikla seg frå omtrent 50 millionar år sidan i den delen av Gondwana som seinare vart Australia, New Zealand, Ny-Guinea og Antarktis, før dei spreidde seg rundt om i verda.

Andre fuglar har songar til å tiltrekke makar eller halde territorium, men desse er vanlegvis enkle og repeterande, og manglar variasjonen slik som mange Oscine songarar kan gjere.

Det er usemje om vidare gruppering av taksa innanfor Passeri.

Familieoversyn[endre | endre wikiteksten]

Familienamn og vitskapleg namn. Rekkefølga av familiane og talet på artar er etter IOC-verdslista forvalta av Frank Gill og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[1]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]