Subkarpatiske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Podkarpackie)
Subkarpatiske
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Rzeszów
Areal 17 844,0 km²
Folketal 2 121 229 (2020)[1]
Kart
Subkarpatiske voivodskap
49°57′00″N 22°10′00″E / 49.95°N 22.166666666667°E / 49.95; 22.166666666667
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Subcarpathian Voivodeship

Subkarpatiske voivodskap (polsk Województwo podkarpackie eller berre Podkarpackie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg søraust i Polen og den administrative byen er Rzeszów. Tidlegare var Lwów administrasjonssete, men etter 1945 då Lwów vart ein del av Sovjetunionen, tok Rzeszów over denne rolla.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Rzeszów, Przemyśl, Krosno og delar av Tarnów og Tarnobrzeg. Namnet på regionen kjem av at han ligg nær Karpatane.

Det grensar til Veslepolske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nordvest, Lublin-voivodskapet i nord, Ukraina i aust og Slovakia i sør. I 2020 hadde voivodskapet 2 121 229 innbyggjarar, og med eit areal på 17 844 km².

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 46 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):

1. Rzeszów (163 155)
2. Przemyśl (66 715)
3. Stalowa Wola (65 818)
4. Mielec (61 118)
5. Tarnobrzeg (50 033)
6. Krosno (47 693)
7. Dębica (46 955)
8. Jarosław (40 549)
9. Sanok (39 481)
10. Jasło (37 768)
11. Łańcut (18 067)
12. Przeworsk (15 747)
13. Nisko (15 637)
14. Ropczyce (15 045)
15. Leżajsk (14 275)
16. Lubaczów (12 378)
17. Nowa Dęba (11 390)
18. Ustrzyki Dolne (9 478)
19. Kolbuszowa (9 172)
20. Strzyżów (8 703)
21. Brzozów (7 699)
22. Sędziszów Małopolski (7 121)
23. Rudnik nad Sanem (6 744)

24. Nowa Sarzyna (6 308)
25. Dynów (6 076)
26. Lesko (5 864)
27. Radymno (5 603)
28. Jedlicze (5 593)
29. Boguchwała (5 535)
30. Głogów Małopolski (5 123)
31. Zagórz (4 990)
32. Pilzno (4 411)
33. Sokołów Małopolski (3 991)
34. Rymanów (3 564)
35. Tyczyn (3 299)
36. Kańczuga (3 211)
37. Oleszyce (3 168)
38. Radomyśl Wielki (2 912)
39. Dukla (2 136)
40. Narol (2 120)
41. Błażowa (2 110)
42. Sieniawa (2 065)
43. Cieszanów (1 899)
44. Iwonicz Zdrój (1 891)
45. Ulanów (1 494)
46. Baranów Sandomierski (1 453)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Subkarpatiske voivodskap er delt inn i 25 fylke (powiat) og fire av desse er byfylke, og 21 landfylke. Desse er igjen delt inn i 159 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Subkarpatiske voivodskap