Hopp til innhald

Polarsisik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polarsisik
PolarsisikFoto: Ron Knight
Polarsisik
Foto: Ron Knight
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Acanthis
Art: Polarsisik A. flammea
Vitskapleg namn
Acanthis flammea

Polarsisik (Acanthis flammea hornemanni) er ein underart av gråsisik som hekkar i Nord-Amerika inkludert Grønland. Han er mykje lik nomitatunderarten. Nokre polarsisikar er standfuglar eller flyttar korte avstandar sørover om vinteren, andre gjer nokon gonger fugletrekk.

Taksonomisk status: Tilhøva innanfor taksonet av Acanthis-sisikane har vore usikre. Ein analyse av mtDNA frå museumsprøvar i 2008, har ikkje funne stønad for oppdeling av artar eller underartar basert på genetiske skilnadar i slekta Acanthis.[1] I 2018 hadde HBW Alive allereie gjennomført samanslåing av alle artar til ein einaste art i slekta.[2] Samanslåinga vart stødd av ein studie i 2021.[3]

  1. Gunnhild Marthinsen, Liv Wennerberg, Jan T. Lifjeld, 2008 Low support for separate species within the redpoll complex from analyses of mtDNA and microsatellite markers Henta 12. august 2018
  2. Clement, P. (2018) Lesser Redpoll (Acanthis cabaret) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. august 2018
  3. Funk, Erik; Mason, Nicholas; Pálsson, Snæbjörn; Albrecht, Tomáš; Johnson, Jeff; Taylor, Scott (25. november 2021). «A supergene underlies linked variation in color and morphology in a Holarctic songbird». Nature. Henta 30. november 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Polarsisik