Polyandri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustratjon av Draupadi frå det indiske verket Mahabharata med dei fem ektemennene sine, Pandava-brørne.

Polyandri (av gammalgresk πολυ- poly-, 'mange' og ἀνήρ anēr, 'mann') eller fleirmanneri er ei form for mangegifte (polygami) der ei kvinne er gift med fleire menn på same tid.[1][2] Det er ein motsetnad til polygyni, der ein mann har fleire koner. Eit kjend mytologisk døme på ordninga er Draupadi frå Mahabharata, som var gift med dei fem Pandava-brørne.

Ekteskapsforma finst hovudsakleg blant ein del folkeslag i India og Tibet, men kan også opptre spreidd fleire andre stader i verda. Ethnographic Atlas frå 1980 gjekk gjennom ekteskapsordningane i 1 231 og lista opp 186 med monogami, 453 med ein del polygyni; 588 med meir utbreidd polygyni; og berre 4 med polyandri.[3] Detter verket rekna berre med eksempel frå Himalaya. Nyare studiar har funne fleire døme, med over 50 andre samfunn som kan praktisera polyandri.[4]

I ein del tibetanske samfunn kan dei ulike ektemennene vera brør.[5][6] Denne ordninga er knytt til delt farskap, eit syn der ein reknar med at eit barn kan ha meir enn ein far.[4]

Ein reknar med at polyandri er ei meir sannsynleg ekteskapsform i samfunn med knappe naturressursar. Ordninga skal kunna avgrensa folkeveksten og gjera det meir sannsynleg for barn å leva opp.[6][7] I desse samfunna opptrer ekteskapsforma ikkje berre blant fattige bønder, men også blant eliten i samfunnet.[8] I Himalaya er skikken knytt til det knappe jordbruksarealet. Dersom alle brørne i familien giftar seg med éi kone kan jorda til familien haldast udelt og intakt. Dersom kvar bror gifta seg separat og fekk barn, ville jorda bli oppstykka og ikkje kunna fø kvar familie. Ein finn ein kontrast i Ladakh og Zanskar i nærleiken, der svært fattige folk utan jord hadde mindre sannsyn for å praktisera polyandri.[6] I nokre europeiske samfunn har ein hindra oppdeling av land gjennom primogenitur der ein ikkje delte opp land og berre eit barn arva landet, medan andre kunne leva i sølibat som prestar eller i kloster.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «polyandri». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 
  2. «fleirmanneri» i Nynorskordboka.
  3. Ethnographic Atlas Codebook Arkivert 2012-11-18 ved Wayback Machine. frå George P. Murdock’s Ethnographic Atlas.
  4. 4,0 4,1 Starkweather, Katherine; Hames, Raymond (2012). «A Survey of Non-Classical Polyandry». A Survey of Non-Classical Polyandry 23 (2): 149–150. 
  5. Dreger, A. (2013). «When Taking Multiple Husbands Makes Sense». The Atlantic. Henta 31. juli 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Gielen, U. P. (1993). Gender Roles in traditional Tibetan cultures. In L. L. Adler (red.), International handbook on gender roles (s. 413-437). Westport, CT: Greenwood Press.
  7. (Linda Stone, Kinship and Gender, 2006, Westview, 3. utg., kap. 6) The Center for Research on Tibet Papers on Tibetan Marriage and Polyandry (vitja 1. oktober 2006).
  8. Goldstein, "Pahari and Tibetan Polyandry Revisited" i Ethnology 17(3): 325–327 (1978) (The Center for Research on Tibet; henta 1. oktober 2007).
  9. Levine, Nancy (1998). The Dynamics of polyandry: kinship, domesticity, and population on the Tibetan border. Chicago: University of Chicago Press.