Ladakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ladakh
territorium
Pangong tso ladakh.jpg
Land Flag of India.svg India
Del av Indian-administered Kashmir

Ladakh
34°10′0″ N 77°34′0″ E
Wikimedia Commons: Ladakh
Kart over Jammu og Kashmir og tilstøytane område i Pakistan og Kina der Ladakh er markert i raudt.

Ladakh er eit unionsterritorium i India,[1] ein del av den større regionen Kashmir og tidlegare ein del av delstaten Jammu og Kashmir. Ladakh har grense til Jammu i vest, Kashmir i nord og Kina i aust. Området ligg mellom fjellkjedane Kunlun og Himalaya, og er gjennomskore av elva Indus frå søraust til nordvest. Ladakh var tidlegare eit sjølvstendig kongedøme med Leh, som i dag er den største byen, som hovudstad.

Ladakh har ein flatevidd på 86 904 km² stort og hadde 270 126 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001. Innbyggjarane i Ladakh er hovudsakleg av tibetansk og indoeuropeisk opphav. Det største språket er ladakhi, ein variant av tibetansk, og den største religionen er tibetansk buddhisme. Det finst elles store grupper sjiamuslimar og mindre grupper sunnimuslimar og kristne.

Arkade og ung kvinne i eit buddhistisk kloster i Ladakh.
Foto: John Hill

Namnet «Ladakh» (uttalt [lad̪ɑks] på ladakhi, skrive ལ་དྭགས་ med tibetansk skrift og [ləd̪ˈd̪aːx] på hindustani, skrive लद्दाख़ på hindi og لدّاخ på urdu) tyder 'land med høge pass'.

Historisk har Ladakh omfatta dalane i Baltistan, delar av Indusdalen, Zangskar, Lahaul og Spiti i sør, Aksai Chin og Ngari i aust og Nubradalane i nord.

Sidan Ladakh blei opna for utlendingar i 19674 har det blitt eit viktig turistmål. Området er kjent for sitt naturskjøne fjellandskap og den lokale buddhistiske kulturen. Mange kloster og tempel er gode døme på tibetansk arkitektur og inneheld ulike kunstverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ladakh», Encyclopaedia Britannica, Encyclopædia Britannica, 1. mars 2021, henta 2 April 2022,  Ladakh, large area of the northern and eastern Kashmir region, northwestern Indian subcontinent. Administratively, Ladakh is divided between Pakistan (northwest), as part of Gilgit-Baltistan, and India (southeast), as part of Ladakh union territory (until October 31, 2019, part of Jammu and Kashmir state); in addition, China administers portions of northeastern Ladakh. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ladakh