Poprad
- For elva med same namn, sjå Popradelva.
Poprad | |||
by | |||
|
|||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Kraj | Prešov | ||
Høgd | 672 m | ||
Areal | 63,11 km² | ||
Folketal | 49 855 (1. januar 2021) | ||
Først nemnd i | 1250 | ||
Postnummer | 058 01 | ||
Retningsnummer | 421-52 | ||
Bilnummer | PP | ||
Poprad 49°03′N 20°18′E / 49.05°N 20.3°E | |||
Wikimedia Commons: Poprad |
Poprad (tysk Deutschendorf) er ein by nord i Slovakia ved foten av Høge Tatrafjella. Han er den største byen i regionen Spiš og den tiande største i heile Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar.
Byen har eit historisk sentrum og ved byen ligg den internasjonale Poprad-Tatry lufthamn. Byen er òg første stasjon på Tatranská elektrická železnica-jernbanen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Historisk var området opphavleg busett av slavarar, men tyskarar koloniserte området på 1200-talet, og Poprad vart i hovudsak ein tysk by. Frå 1412 til 1770 vart byen og Szepes fylke pantelånt til Polen, og Polen var delvis ansvarleg for utviklinga der.
Poprad vart første gong nemnd i skriftlege kjelder frå 1256, og i 690 år, fram til 1946 var han berre ein av fleire nabobyar som i dag utgjer den moderne byen. Dei andre delane av byen er Matejovce, Spišská Sobota, Veľká og Stráže pod Tatrami.
I 1999 søkte Poprad om å vere vertskap til Vinter-OL 2006, men tapte for Torino i Italia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Poprad» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2009.