Porlock Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Porlock Bay frå Porlock Weir mot Hurlestone point.

Porlock Bay er ei bukt i Bristolkanalen, mellom Hurlestone Point og Porlock Weir i Somerset i England.

Langs kysten finn ein grusryggar, marskland og ein skog som er lagt under vatn. I 1052 gjekk den saksiske kongen Harald i land ved Porlock Bay frå Irland og brende byen her før han marsjerte mot London.[1]

Mykje av kysten er verna av National Trust.

Porlock Ridge and Saltmarsh er eit 18,6 km² stort biologisk område av særleg vitskapleg interesse (SSSI), oppretta i 1990. Området er viktig på grunn av aktive geomorfologiske trekk. Her finst òg viktig marskland og planta singelryggar.[2]

Ved Bossington ligg ei grusstrand som Hornerelva renn gjennom. I 1990-åra vart det danna marskland og lagunar i området innanfor grusryggen på grunn av stigande havnivå.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Exmoor - Minehead & Porlock». History Tourist.com. 
  2. «Porlock Ridge and Saltmarsh» (PDF). English Nature. 
  3. «Shifting shores in the South West» (PDF). National Trust. 

Koordinatar: 51°13′13″N 3°36′49″W