Portal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå nettportal.
Romansk portal ved St. Petri kyrkje i Soest i Westfalen.

Ein portal (frå mellomalderlatin portale, 'byport, forhall', av latin porta, 'dør, port')[1][2] er ein forseggjort eller framståande og rikt utsmykka inngang til ein monumental bygning som ei kyrkje, tempel, rådhus eller slott.[3][4] Han kan også vera ein frittståande æresport.[1]

Portalar kan ha dører, portar eller fallgitter i opninga for å kontrollera tilkome eller utgang. Overflata rundt opninga kan vera enkelt utforma eller dekorert med utsmykning. Særleg i renessansen og barokken kunne slike portalar vera rikt utsmykka. Nemninga i seg sjølv indikerer eit byggverk som ber noko over seg, til dømes ein arkivolt og/eller eit tak. Portalar er ofte, men ikkje alltid, utforma med dekor, til dømes skulpturelle innslag. Spesielt var dette vanleg i romansk arkitektur, gotikk og i stavkyrkjer. Moderne portalar kan ha til dømes ha postmodernisme dekor.

Døme på opne portalar (portalar utan dører) i arkitekturen er portalar inn mot gamle opne stadionanlegg og liknande byggverk. Døme på lukka portalar er portalar i kyrkjebygg, kjøpesenter og anna.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «portal» i Nynorskordboka.
  2. «portal (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. Brodyby-Johansen, R. (1977): Kunstordbog, Thaning og Appel, s. 167
  4. Ching, Francis (1997): A Visual Dictionary of Architecture. New York: Van Nostrand Reinhold. ISBN 0-442-02462-2.
  • Denne artikkelen bygger på Portal frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 5. januar 2018