Portia de Rossi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Porti de Rossi ved oscarutdeliga i 2007.

Portia Lee James DeGeneres (fødd 31. januar 1973) er ein australsk-amerikansk skodespelar kjend under namnet Portia de Rossi. Ho er best kjend for si rolle som Nelly Porter i TV-serien Ally McBeal, og som Lindsay Bluth Fünke i Arrested Development. I 2010 blei ho aktuell som Veronica Palmer i komiserien Better Off Ted og boka Unbearable Lightness: A Story of Loss and Gain, om kampen hennar mot eteforstyrring.

Portia de Rossi var fødd Amanda Lee Rogers. Ho blei internasjonalt kjend gjennom filmen Siren frå 1994, og flytta kort tid etter til Los Angeles i USA. Ho var gift med dokumentarfilmskaparen Mel Metcalfe frå 1996 til dei skilde seg 1999. De Rossi stod etterkvart opent fram som lesbisk, og 16. august 2008 gifta ho seg med den kjende komikaren og talkshowverten Ellen DeGeneres.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]