Guineabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilde av Guineabukta.(Kjelde: NASA)
Kart over Guineabukta

Guineabukta er ei bukt som ligg aust i Atlanterhavet, utanfor Vest- og Sentral-Afrika.

Den internasjonale hydrografiorganisasjonen (IHO) definerer grensa for bukta mot sjølve Atlanteren som «ei linje som går sørvest frå Kapp Palmas i Liberia til Kapp Lopez i Gabon».[1] Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Nigeria, Kamerun og Ekvatorial-Guinea har kyst mot bukta, medan øystaten São Tomé og Príncipe ligg i henne. Bukta mellom Benin og utløpet av Niger er kjend som Beninbukta, medan bukta mellom Niger og Kapp Lopez blir kalla Biafra- eller Bonnybukta.

Guineabukta er utan større sokkelområde, og skrånar raskt ned mot store havdjupner. Største djupna i Guineabukta er over 5000 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition». International Hydrographic Organization. 1953. http://www.iho-ohi.net/iho_pubs/standard/S-23/S23_1953.pdf. Henta 7. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guineabukta