Potenza

Koordinatar: 40°38′N 15°48′E / 40.633°N 15.800°E / 40.633; 15.800
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Potenza
Sentrum av Potenza
Sentrum av Potenza
Sentrum av Potenza
Plassering
Potenza is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Basilicata
Potenza
Borgarmeister Vito Santarsiero
Geografi
Flatevidd
 - By

174 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

69 295
  401/km²
Koordinatar 40°38′N 15°48′E / 40.633°N 15.800°E / 40.633; 15.800
Høgd over havet 819 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 85100
Telefon-retningsnummer 0971
Nettstad: www.comune.potenza.it

Potenza er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Potenza i regionen Basilicata og har om lag 70 000 innbyggjarar.

Byen er den høgastliggande regionshovudstaden i Italia og ein av dei høgastliggande provinshovudstadane der han ligg opp i dalen til elva Basento i Appenninane, aust for Salerno. Området grensar til kommunane Anzi, Avigliano, Brindisi Montagna, Picerno, Pietragalla, Pignola, Ruoti, Tito og Vaglio Basilicata.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I følgje Strabo og Plinius den eldre var Potentia ein av dei eldste frie byane i Lucania (Basilicata). Den første busetnaden her låg truleg lågare i dalen enn i dag, om lag 10 km sør for dagens Potenza.

Potenza tok romarane si side i krigane mot samnittane og bruttiarane. Byen vart underlagt romarane på 300-talet fvt. og fekk status som kommune. Innbyggjarane gjorde opprør mot romarane etter tapet deira ved Cannae i 216 fvt. Slaget ved Mataurus markerte slutten på Kartago sine felttog i Italia og Potentia vart gjenerobra av romarane og fekk statusen redusert frå kommune til militærkoloni.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

På 500-talet vart byen underlag langobardane og Hertugdømet Benevento. Sarasenarane nådde byen før normannarane erobra Sør-Italia. På 1100-talet vart Potenza eit bispesete. I 1137 tok byen imot pave Innocent II og keisar Lothair II då dei prøvde å erobra det normanniske kongedømet. I 1148 eller 1149 tok Roger II av Sicilia imot kong Ludvig VII av Frankrike i Potenza, etter at den normanniske flåten hadde redda han frå sarasenarane. Etter at keisar Fredrik II plyndra byen, heldt Potenza seg lojal mot Hohenstaufen, og som følgje av dette vart han neste totalt øydelagd av Karl IAngevin erobra Kongedømet Sicilia- 18. desember 1273 førte eit jordskjelv til fleire øydeleggingar.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Dei neste åra var ei fredlig tid for byen under forskjellige føydale herskarar. Potenza var åstad for eit opprør mot spanjolane og i 1694 vart han nesten heilt lagt i grus under eit nytt jordskjelv.

den napolitanske republikken i 1799 vart oppretta, var Potenza ein av dei første byane som gjorde opprør mot kongen. Etter ha vorte undertrykt ein liten periode av Bourbon vart byen erobra av den franske hæren i 1806 og erklært hovudstad i Basilicata. Kong Joachim Murat betra levestandarden og administrasjonen i byen, og nokre urbane utbetringar vart gjort av i samband med vitjinga til Ferdinand II i 1846. Det braut ut opprør i 1848, som igjen vart undertrykt av styrkar frå Bourbon og eit tredje øydeleggjande jordskjelv følgde i 1857. Potenza gjorde eit siste opprør i 1860, før han vart ein del av eit samla Italia.

I september 1943 vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte. I 1980 vart byen råka av enno eit kraftig jordskjelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]