Provinsen Potenza
| Potenza | |||
| provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Basilicata | ||
| Hovudstad | Potenza | ||
| Areal | 6 545 km² | ||
| Folketal | 392 218 | ||
| Postnummer | 85010–85059 | ||
| Retningsnummer | 0971-0973, 0975-0976 | ||
| Bilnummer | PZ | ||
![]() Provinsen Potenza 40°38′19″N 15°48′08″E / 40.638611111111°N 15.802222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Potenza | |||
Provinsen Potenza (italiensk Provincia di Potenza) er ein provins i regionen Basilicata i Italia. Hovudstaden er byen Potenza. Han har eit areal på 6 545 km² og totalt 392 218 innbyggjarar (2005). Det er 100 kommunar i provinsen.
I 272 fvt. vart provinsen erobra av romarane. og dei kalla Basilicata Lucania. På 1000-talet vart området ein del av Hertugdømet Puglia då området var styrt av normannarar, og frå 1200-talet vart det ein del av Kongedømet Napoli. I røynda vart derimot Potenza styrt av ein lokal krigsherre. I 1861 vart provinsen ein del av Italia.
Regionen har gjennom tidene vorte råka av mange jordskjelv og ligg framleis i eit seismisk aktivt område. Byen Potenza er bygd mellom to dalar og vart nesten heilt gjenoppbygd etter eit kraftig jordskelv i 1857. Så etter mange jordskjelv og store øydeleggingar under den andre verdskrigen har området mista mange av dei historiske bygningane sine. Dette gjev inntrykk av ein region med moderne betongbygningar.
Største kommunane
[endre | endre wikiteksten]Dei største kommunane i provinsen er (innbyggjartal frå 2005):
| Kommune | Folketal |
|---|---|
| Potenza | 68 789 |
| Melfi | 17 173 |
| Lauria | 13 663 |
| Lavello | 13 635 |
| Rionero in Vulture | 13 443 |
| Venosa | 12 143 |
| Avigliano | 12 033 |
| Senise | 7 227 |
| Tito | 6 682 |
| Sant'Arcangelo | 6 531 |
| Picerno | 6 194 |
| Genzano di Lucania | 6 128 |
| Muro Lucano | 5 983 |
| Lagonegro | 5 980 |
| Pignola | 5 851 |
| Bella | 5 366 |
| Maratea | 5 270 |
| Palazzo San Gervasio | 5 115 |
| Marsicovetere | 5 063 |
| Latronico | 5 063 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Potenza» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2007.


