Potetsorten Asterix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg teikneserien Asterix
Asterix

Asterix er ein potetsort frå Nederland som i Noreg særleg blir dyrka på austlandet. Ho er kalla opp etter teikneseriehelten Asterix.

Poteta har relativt lite tørrstoff og held seg dermed heil under koking. Ho kan brukast som kokepotet, til pommes frites, i salatar og i gryterettar. Derimot er ho ikkje særleg eigna til å laga potetmos eller bakt potet.