Powaqqatsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Powaqqatsi: Life in Transformation
Powaqqatsi Definition Still Screenshot.png
OpphavslandUSA
Språkengelsk
Sjangerdokumentarfilm
RegiGodfrey Reggio
ProdusentMel Lawrence
Godfrey Reggio
Lawrence Taub
ManusGodfrey Reggio
Ken Richards
MedverkandeCheryl Tiegs Edit this on Wikidata
MusikkPhilip Glass
FilmselskapThe Cannon Group
Utgjevingsår1988
Lengd96 min.

Powaqqatsi: Life in Transformation er ei filmatisk skildring frå 1988 av menneske i eit mangfald av kulturar i Sør-Amerika, Afrika og Asia gjennom bilete av arbeidet og tradisjonane deira.

Powaqqatsi er eit konjunktiv i språket hopi, powaq: 'trollmann' + qatsi som tyder 'liv', og uttrykkjer ein eksistens, eit levevis, noko som tar livskrafta frå andre vesen for å fremme eiget liv.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Filmen Powaqqatsi er ein sekvens av levande bilete med musikk, men utan tale. Han kom ut i 1988, Godfrey Reggio har ansvaret for regien og Philip Glass har komponert musikken. Reggio har sagt at filmen er inntrykk frå ei undersøking om korleis livet er i stadig endring.[2]

I opninga av filmen viser Reggio opptak frå gullgruva Serra Pelada, der arbeidarar ber sekkar med våt jordmasse opp frå eit dagbrot. Etter det kjem fleire uharmoniske, lagdelte eksponeringar av skitne berarar. Det første kapittelet blir avslutta med mange raske, påfølgjande eksponeringar av same hovudet i ulike vinklar som gjev ein roterande verknad. Dette kan vere ein referanse til Janus, guden for byrjingane, avsluttingar og overgangar, i tråd med dei sentrale tema av framgang og endring. Etter det kjem filmtittelen i raude bokstavar og glir over i neste kapittel, Anthem del 1, der sola stig opp over ein afrikansk landsby. I Anthem del 2 viser filmen ulike bilete av landsbyar og øyar.

I Mosque And Temple ser ein ulike naturopptak, så vel som religiøse scener. Nokre av desse scenene er inne i eit tempel med transparente bilete av menneske som passerer, ein svart mann ber, ein munk sit med ein stokk i handa, mens ein fugl tar av frå stokken og flyg, den same munken går langs ei elv, mange barneansikt, to menn som ror med tunge åretak i ein stor båt på elva, ei kvinne ber i Ganges, to menn utfører yoga, ein annan munk, og eit tempel i Nepal filma utanfrå, og så bortetter.

Gjennom heile filmen viser Reggio bilete av menneske av mange etnisitetar, frå Egypt, Kenya, Peru, India, Hong Kong, Israel og Nepal. Det finst òg opptak frå Berlin og Frankrike. Kulturane i filmopptaka er dels i framgang, dels utdøyande der industrien for eigen skyld nyttar individuelt menneskeleg arbeid.

Filmen er den andre i ein serie på tre av regissøren Godfrey Reggio, med musikk av Philip Glass. Den første filmen er Koyaanisqatsi, og den siste er Naqoyqatsi, alle tre er utan forteljing eller handling som i tradisjonelle filmar. Filmen Baraka av Ron Fricke, frå 1992, er ein annan film utan tale, forteljarstemme eller handling, og som viser menneske i miljøet sitt rundt om i verda.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Musikken til filmen vart òg gjeve ut på CD med i alt 18 spor:

Side ein og to
# Tittel Lengd
1. «Serra Pelada»   05:02
2. «The Title»   00:23
3. «Anthem Part 1»   06:22
4. «That Place»   04:41
5. «Anthem Part 2»   03:48
6. «Mosque And Temple»   04:42
7. «Anthem Part 3»   08:11
8. «Train To São Paulo»   03:04
9. «Video Dream»   02:14
10. «New Cities In Ancient Lands, China»   02:47
11. «New Cities In Ancient Lands, Africa»   02:56
12. «New Cities In Ancient Lands, India»   04:42
13. «The Unutterable»   07:02
14. «Caught!»   07:20
15. «Mr. Suso Part 1»   01:08
16. «From Egypt»   03:23
17. «Mr. Suso Part 2 With Reflection»   01:18
18. «Powaqqatsi»   04:35

Filmen blir nokre gongar vist samstundes med at musikken blir framført live.[3]

Musikken til filmen saman med framsyning av filmen Powaqqatsi var opningskonserten i Grieghallen ved festspela i Bergen i 2016. Framføringa vart gjort av Bergensfilharmonien, Phil Glass Ensemble og kor.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Nettstad for Qatsi-trilogien: definisjonar Henta 27. desember 2011
  2. Nettstad for Qatsi-trilogien: Om Powaqqatsi Henta 27. desember 2011
  3. Los Angeles Times nettavis, 31. august 2011, Music review: 'Powaqqatsi' at the Hollywood Bowl, henta 27. desember 2011
  4. Programkatalog for festspela i Bergen, 2016 Henta 14. desember 2019
  5. Monotoniens patos Omtale av framføringa ved festspela i Bergen, 2016, i nettutgåva av Dagbladet, 24. mai 2016. Henta frå Wayback Machine 14. desember 2016, krev abonnement

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]