Philip Glass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philip Glass
Philip Glass 018.jpg
Philip Glass
Foto: WNYC New York Public Radio
Fødd 31. januar 1937 (80 år)
Baltimore
Sjanger Minimalisme, samtidsmusikk

Philip Glass (fødd 31. januar 1937) er ein amerikansk komponist, fløytist og pianist. Han er ein vidkjend komponist av moderne kunstmusikk, og er tett knytt til sjangeren minimalisme.

Philip Glass har skrive operaer, teater- og filmmusikk og diverse instrumentalmusikk. Han har også vore verksam innan jazz og rock. Glass heldt opningskonserten for Festspela i Bergen i 2010.

Bakgrunn og påverknader[endre | endre wikiteksten]

Glass var fødd og voks opp i Baltimore i Maryland. Han studerte ved Universitetet i Chicago og musikkakademiet Juilliard School. Av personlege musikalske utvekslingar kan nemnast Darius Milhaud, Nadia Boulanger og Ravi Shankar.

Glass skapte sitt eige ensemble, The Philip Glass Ensemble, i 1967. Sjølv om musikarane i ensemblet hovudsakleg speler klassiske musikkinstrument, skil det seg frå dei fleste andre kammerensemble ved bruk av mellom anna elektrisk forsterking.

Glass med Dublin Guitar Quartet.

Medan Glass har bakgrunn i den vestlege klassiske musikktradisjonen, men har også band til rock, ambient og elektronisk musikk og verdsmusikk. Tidlege tilhengjarar og musikalske inspirasjonar var mellom anna musikarane Brian Eno og David Bowie.[1] Han har samarbeidd med musikarar som Yo-Yo Ma, Paul Simon, Suzanne Vega,[2] Mick Jagger,[3] Leonard Cohen, David Byrne, Uakti, Natalie Merchant[4] og Aphex Twin, medan musikarar som Mike Oldfield, Tangerine Dream og Talking Heads har funne inspirasjon hjå han.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Verk for The Philip Glass Ensemble[endre | endre wikiteksten]

  • 600 Lines (1967)
  • Music in Fifths (1969)
  • Music in Similar Motion (1969)
  • Music with Changing Parts (1973)
  • Music in Twelve Parts (1971–1974)
  • North Star (1977)
  • Glassworks (1982)
  • Orion (2004)

Opera, musikkteater[endre | endre wikiteksten]

  • A Madrigal Opera (1980)
  • the CIVIL warS (1984)
  • The Fall of the House of Usher (libretto efter en novell av Edgar Allan Poe, 1987)
  • The making of the representative for Planet 8, (1985-1988, libretto av Doris Lessing)
  • 1000 Airplanes on the Roof (1988)
  • Hydrogen Jukebox (libretto av Allen Ginsberg, 1990)
  • White Raven (1991)
  • The Voyage (1992)
  • The marriages between zones three, four, and five (1997, libretto av Doris Lessing)
  • Monsters of Grace (1998)
  • In the Penal Colony (2000, libretto efter en novell av Franz Kafka)
  • The Sound of a Voice (2003)
  • Waiting for the Barbarians (2005, etter ein roman av J.M. Coetzee)

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Tre strykerkvartettar (tidleg 1960-tal, trekt tilbake)
  • Play for to saksofonar (musikk for Samuel Beckett sitt drama, 1965)
  • Strykerkvartett nr. 1 (1966)
  • Music in the shape of a Square for to fløyter (1967)
  • Another Look at Harmony, Part III for klarinett og piano (1975)
  • Fourth Series Part Three for fiolin og klarinett (1978)
  • Strykerkvartett nr 2 Company (1983, komponert for ei dramatisering av Samuel Beckett si forteljing)
  • Prelude to Endgame for timpani og kontrabass (1984, for stykket av Samuel Beckett)
  • Strykerkvartett nr 3 Mishima (1985)
  • Strykerkvartett nr 4 Buczak (1989)
  • Music from The Screens for kammerensemble (eit samarbeid med Foday Musa Suso, 1989)
  • Cymbeline (musikk for stykket av William Shakespeare, 1991)
  • Strykerkvartett nr 5 (1991)
  • Love Divided By for fløyte og piano (1992)
  • In the Summer House for fiolin og cello (musikk for stykket av Jane Bowles, 1993)
  • Konsert for saksofonkvartett (1995, finnes også som orkesterversjon)
  • Dracula for strykerkvartett (1998, musikk til filmen frå 1931)
  • Music from The Sound of a Voice for kammerensemble (2003)

Verk for soloinstrument[endre | endre wikiteksten]

  • Strung Out for fiolin (1967)
  • Gradus for saksofon (1968)
  • Arabesque for fløyte (1988)
  • France frå The Screens for violin (1989)
  • Melodies for solosaksofon (1995)

Verk for orkester (med kor og solorøyster)[endre | endre wikiteksten]

  • In the Upper Room for kammerorkester (1986, musikk for Twyla Tharp sitt dansestykke)
  • The Light for orkester (1987)
  • The Canyon for orkester (1988)
  • Itaipu, symfonisk portrett for kor og orkester i fire satsar (1989)
  • Passages for kammerorkester (samarbeid med Ravi Shankar) (1990)
  • Concerto Grosso for kammerorkester (1992)
  • Symfoni nr 1 Low for orkester (1992, basert på David Bowie si plate med same namn)
  • T.S.E. (T.S. Eliot) for røyster og ensemble (1994, musikk for eit teaterstykke av Robert Wilson)
  • Symfoni nr 2 for orkester (1994)
  • Symfoni nr 3 for 19 strykerar (1995)
  • Symfoni nr 4 Heroes for orkester (1996, basert på David Bowie si plate med same namn)
  • Songs of Milarepa for baryton og kammerorkester (1997)
  • Days and Nights of Rocinha, dans for orkester (1997)
  • Psalm 126 for orkester og kor (1998)
  • Symfoni nr 5 Requiem, Bardo and Nirmanakaya for solistar, kor og orkester (1999)
  • Dancissimo for orkester (2001)
  • Symfoni nr 6 Plutonian Ode for sopran og orkester (2001)
  • Symfoni nr 7 Toltec for orkester og kor (2004)
  • Symfoni nr 8 for orkester (2005)
  • The Passion of Ramakrishna for kor og orkester (2006)

Verk for soloinstrument og orkester (konsertar og anna)[endre | endre wikiteksten]

  • Konsert for fiolin og orkester (1960, trekt tilbake av komponisten)
  • Facades for to saksofoner (eller fløyte og klarinett) og strykerorkester (1981)
  • Konsert for fiolin og orkester (1987)
  • Echorus for to fiolinar og strykerorkester (1995, versjon av etyde nr. 2 for piano)
  • Konsert nr 1 for piano og strykerorkester Tirol (2000)
  • Konsert for to timpanispelarar og orkester (2000)
  • Konsert for cello og orkester (2001)
  • Konsert for cembalo og kammerorkester (2002)
  • Utvalg frå Naqoyqatsi (Life as War) for cello og orkester (2002/2003)
  • Suite frå Timene (The Hours) for piano, strykerorkester, harpe og slagverk (2002/2003)
  • Konsert nr 2 for piano og orkester (2004)

Verk for solorøyster[endre | endre wikiteksten]

  • Hebeve Song for sopran, klarinett og fagott (1983)
  • Planctus, song for vokal og piano (1997, for Natalie Merchant)

Korverk[endre | endre wikiteksten]

  • Another Look at Harmony, Part IV for kor og orgel (1975)
  • Fourth Series Part One for kor og orgel (1977)
  • Three Songs for chorus a-cappella (1984, tekstar av Octavio Paz med fleire)

Verk for soloklaver[endre | endre wikiteksten]

  • Two Pages (for Steve Reich) for piano eller elektrisk orgel (1969)
  • Modern Love Waltz for piano (1977)
  • Fourth Series Part Four (Mad Rush) for piano (1979)
  • Trilogy Sonata for piano (1975/1979/1983, med materiale frå Einstein, Sathyagraha og Akhnaten, arrangert av Paul Barnes i 2001)
  • Metamorphosis for piano (1988)
  • Wichita Sutra Vortex for piano (1988)
  • Tesra for piano (1993)
  • The Orphée Suite for piano (1993, transkribert av Paul Barnes 2000)
  • Overtyre frå La Belle et la Bete for piano (1994, transkribert av Michael Riesman)
  • Etudes for piano, Volume 1 (1994–1995)
  • Music from the Hours for piano (2003, transkribert av Michael Riesman og Nico Muhly)
  • A Musical Portrait of Chuck Close, to stykke for piano (2005)

Verk for orgel[endre | endre wikiteksten]

  • Fourth Series Part Two (Dance No.2) for orgel (1978)
  • Fourth Series Part Four (Mad Rush) for orgel (1979)
  • Voices for orgel, didgeridoo og forteljar (2001)

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Glass har også komponert musikken til filmane The Illusionist av Neil Burger og Notes on a Scandal Richard Eyre i 2006. Dessutan skreiv han msuikk til Cassandra's Dream (2007) av Woody Allen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tim Page, Liner Notes to the album Music with Changing Parts, Nonesuch Music, 1994
  2. «Music: Ignorant Sky». Philip Glass. http://www.philipglass.com/music/compositions/ignorant_sky.php. Henta September 20, 2011. 
  3. «Music: Film: Bent». Philip Glass. http://www.philipglass.com/music/films/bent.php. Henta September 20, 2011. 
  4. «Music: Planctus». Philip Glass. February 17, 1997. http://www.philipglass.com/music/compositions/planctus.php. Henta September 20, 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]