Poyangsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Poyangsjøen
innsjø
none
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Region Jiangxi
Tilsig 162225 km²[1]
Lengd 170 km
Breidd 17 km
Djupn 8,4[2] m
Største djupn 25,1[2] m
Volum 25,2[2]
Areal 3 210[2] km²
Ganrivermap.png
Wikimedia Commons: Lake Poyang

Poyangsjøen (kinesisk skrift 鄱阳湖, pinyin Póyáng Hú), som ligg i provinsen Jiangxi, er den største ferskvassinnsjøen i Folkerepublikken Kina.[3] Han har eit overflateområde på 3 585 km² og eit volum på 25 km³. Avhengig av regntida varierer arealet frå 1 000 km² til 4 400 km². Tidleg i 2012 gjekk arealet heilt ned til 200 km² på grunn av tørke, sanduttak og lagring av vatn i Tre kløfter-demninga.[4] Største lengde er 170 km og på det breiaste er han 17 km. Gjennomsnittsdjupna er åtte meter.

Elvane Gan og Xiu renn ut i innsjøen. Dei er knytte til Chang Jiang ved ein kanal.

Innsjøen gir habitat for ein halv million trekkfuglar, av 124 artar. Han er ein viktig vinterhabitat for den truga tranearten snøtrane. I alt 224 km² av habitatet har Ramsar-vern, og området har 45 pattedyrartar og om lag 80 amfibiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ding, Duowen; Tan, Xueqing (2011). «Numerical Simulation of the Effects of the Urbanization on the Poyang Wetland». I Kenneth W. Potter, Donald K. Frevert. Watershed Management 2010. American Society of Civil Engineers. s. 444. ISBN 978-0-7844-1143-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Poyang Lake». World Lake Database. International Lake Environment Committee Foundation. 1999. http://wldb.ilec.or.jp/Details/lake/SASI-033;. Henta 6. januar 2017. 
  3. «Spring Fishing Ban on China's Largest Freshwater Lake», People's Daily Online, http://english.people.com.cn/200202/21/eng20020221_90777.shtml 
  4. «China's largest freshwater lake dries up», The Guardian, https://www.theguardian.com/environment/2012/jan/31/china-freshwater-lake-dries-up 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 29°05′N 116°17′E