Prærieulv
Utsjånad
| Prærieulv | |
Prærieulv | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av prærieulv | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
| Familie: | Hundefamilien Canidae |
| Slekt: | Canis |
| Art: | Prærieulv C. latrans |
| Vitskapleg namn | |
| Canis latrans | |
Prærieulven eller coyoten (Canis latrans) er eit mellomstort hundedyr som lever i heile Nord-Amerika. Han er kanskje framfor alt kjend for hylet sitt, som er ein viktig stemningsskapar i westernfilm.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]
Foto: Justin Johnsen
Prærieulven har grå pels med tonar av gult og brunt. Han er svært sjeldan over ein meter lang, og veg mellom 9 og 22 kg. Han skil seg frå andre liknande hundedyr ved å vera mindre og ikkje minst slankare; han treng ikkje vera i fare for å sjå undervektig ut.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Prærieulven finst i heile Nord-Amerika, bortsett frå heilt aust i Canada. Denne store utbreiinga kjem i store trekk av at menneske har utrydja ulv og raudulv frå store område. Ein finn prærieulv i dei fleste landskapstyper, men han likar seg best når han har buskas å luska i.