Prøysenstua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°54′41.152″N 10°48′27.000″E

Mellom Prøysenhuset og Prøysenstua er det laga ein liten park med ein statue av dikteren og forfattaren.

Prøysenstua er den tidlegare husmannsplassen Prøysen til garden Hjelmstad, ved Præstvegen på Rudshøgda i Ringsaker. Stua er kjend som kunstnarheim av di forfattaren og visekunstnaren Alf Prøysen (1914–1970) var fødd og oppvaksen der i åra 1914–1939.

Huset og områda rundt er skildra i mange av Prøysens «laurdagsstubbar» og viser, og i erindringsboka Det var da det, og itte nå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]