Alf Prøysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alf Prøysen
Alf Prøysen.jpg
Fødd 23. juli 1914, Rudshøgda
Død 23. november 1970, Oslo
Alf Prøysen på Commons

Alf Prøysen (fødd Alf Olafsen23. juli 191423. november 1970) var ein norsk visesongar og forfattar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Prøysen vart fødd inn i ein husmannsfamilieRudshøgda i Ringsaker i Hedmark fylke. Herifrå henta han materiale til fleire viser og forteljingar. Alf Prøysens etternamn var opphavleg Olafsen, men han tok namnet Prøysen etter husmannsplassen som han og familien budde på.

Etter at Alf Prøysen hadde gjort unna folkeskulen og hadde vorte konfirmert, tok han gardsarbeid, slik det var vanleg, men fekk stipend og kunne gå på fylkesskulen Ringsaker Amtskole. Her tente han nokre slantar ved å skrive stilar for medelevane for femti øre kvar. Men frå 1932 vart det ikkje meir skulegang, og han fekk arbeid som griserøktar, seinare sveiser (fjøsrøktar). I fritida var han oppteke av lokalrevyar, amatørskodespel, teikning og skriving, og fekk i 1938 dei fyrste dikta sine på prent i blada Kooperatøren og Nils Johan Rud sitt Arbeidermagasinet.

Utdanning og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1939 reiste han frå Ringsaker og tok arbeid på gardar i Sørum og Ullensaker før han i 1942 fekk arbeid som griserøktar på Vøien gård på Sem i Asker, grannegarden til Statens Småbrukslærerskole (som langt seinare vart til Norges landbrukshøgskole, avd. Asker, før skulen vart lagt ned). Studentane på småbrukslærarskulen sette opp revyar, og Alf kom tidleg med i denne verksemda som både skodespelar, forfattar og målar av kulissar. På Vøien skreiv han dessutan noveller og viser, og debuterte i 1945 med novellesamlinga Dørstokken heme.

Som eit resultat av medverknaden i Sem-revyane vart Alf Prøysen spurt om å vere med i Oslo-studentanes fyrste revy etter krigen, «Ad Undas». Etter at ei vise frå denne revyen hadde vore spela i radioen, meinte Haakon Tveten i grammofonplateselskapet Columbia at Alf Prøysen hadde ei høveleg røyst for å synge inn på plate to viser han ville gjeve ut, «Frøken gi meg himlens nummer» og «Bare pappa hadde tid», og bad han gjere dette. Men plata vart ingen suksess.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Året etter fekk Prøysen utgjeve tre grammofonplater med sine eigne viser, «Blåbærturen» og «Lillebrors vise», «Pelles bursda'» og «Sirkusvise», «Husmannspolka» og «På Hamar med slakt», og med dette vart Prøysen særs populær og platene mykje spela i Norsk rikskringkasting.

Både diktinga og musikken hans bruker enkle verkemiddel, og kanskje er det difor dei har rørt så mange nordmenn og blitt ein folkeskatt. Allereie frå han debuterte med Drengstu’viser i 1948 hadde Alf Prøysen ein særskilt publikumsappell; samlinga selde i 120 000 eksemplar bare i det året. Romanen Trost i taklampa kom i 60 000 eksemplar i utgjevingsåret. Prøysen nådde også ut til mange med tekstar i Arbeiderbladet og Magasinet for alle.

Massemediet i 1950-åra var likevel radioen. Saman med Anne-Cath. Vestly og Thorbjørn Egner blei Prøysen ei av si tids store «mediekjendisar» gjennom arbeidet sitt med Barnetimen for dei minste og Søndagsposten. Saman med Anne-Cath. Vestly var han òg skodespelar i ein fjernsynsserie for barn, Kanutten og Romeo Clive (1963). Prøysen skreiv éin roman, Trost i taklampa (1950), og i tillegg skreiv han mange noveller.

Prøysen song visene sine sjølv og spelte gitar til. Han kjente godt den folkelege visetradisjonen og brukte verkemiddel frå skillingsvisene i mange av sine eigne songar. Men han brukte gjerne klisjéane på ein kunstnerisk original måte, slik at dei kunne verke ironiske.

Mykje av diktinga til Prøysen er skrive på hedmarksdialekt. Den store utbreiinga og populariteten gjorde eit lite påakta målføre kjent og akseptert over heile landet.

I 1970 vart Alf Prøysen tildelt Norsk kulturråds ærespris. Han døydde av kreft same året, den 23. november 1970.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Nokre songar
  • «Blåbærturen»
  • «Du ska få en dag i mårå»
  • «Helene Harefrøken»
  • «Husmannspolka»
  • «Julekveldsvise»
  • «Kveldssang for Laffen»
  • «Lillebrors vise»
  • «Lomnæsvisa»
  • «Musevisa»
  • «Næsning på Hammarmartn»
  • «Romjulsdrøm»
  • «Så seile vi på Mjøsa»
  • «Sjarmør Even» (Even, Even, Even)
  • «Tango for to»
  • «Tordivelen og flua»
  • «Visa hennes Staslin»
  • «Vise for gærne jinter»
  • «Æille har et syskenbån på Gjøvik»
  • «Du og jeg og dompappen»

Trivia[endre | endre wikiteksten]

  • Musikken til Hompetitten vart bruka i ein episode av fjernsynsserien Sopranos. Episoden var i sesong seks som vart vist på NRK hausten 2006, og hadde namnet «The Ride». Melodien til Hompetitten heit opphavleg «Johan på Snippen» og vart skriven av svenske René Gaston Wahlberg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]