Pranab Mukherjee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pranab Mukherjee
প্রনব কুমার মুখার্জী,
none  Pranab Mukherjee
Pranab Mukherjee
Fødd 11. desember 1935 (81 år)

Birbhum-distriktet i Vest-Bengal

Parti Kongresspartiet
Verv President i India
 - periode 25. juli 201225. juli 2017
 - etterfylgjar Ram Nath Kovind
Religion Hindu

Pranab Mukherjee (fødd 11. desember 1935) er ein indisk jurist og politikar for Kongresspartiet. Han var president i India frå 2012 til 2017.[1] Mukherjee har også hatt fleire ministerpostar, og sat sist som finansminister frå 2009 til 2012.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mukherjee blei fødd i landsbyen Mirati i Birbhum-distriktet i den dåverande Bengal-provinsen i Britisk India og no delstaten Vest-Bengal. Faren, Kamada Kinkar Mukherjee, var aktiv i den indiske frigjeringsrørsla og var kongresspartirepresentant i delstatsforsamlinga frå 1952 til 1964. Mor hans var Rajlakshmi Mukherjee.[2][3]

Mukherjee studerte ved Suri Vidyasagar College i Suri.[4] Han tok mastergrad i statsvitskap og historie i tillegg til ein jussgrad (LL.B.) ved Universitetet i Calcutta.[3]

I 1957 gifta Pranab Mukherjee seg med Suvra Mukherjee, som opphavleg var frå Narail i Bangladesh, men hadde kome til India som tiåring.[5] Paret har to søner og ei dotter.[4]

I 1963 byrja Mukherjee å undervisa i statsvitskap ved Vidyanagar College i South 24 Parganas-distriket sør for Calcutta.[6] Han verka også som journalist for Desher Dak ('Landets røyst') før han gjekk inn i politikken.[7]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Mukherjee har vore aktiv i indisk politikk i fleire tiår. I 1969 blei han vald inn i Rajya Sabha, det indiske overhuset, der han vann gjenval i 1975, 1981, 1993 og 1999. I 2004 blei han vald inn til underhuset, Lok Sabha. Frå 1982 til 1984 var han finansminister, frå 1995 til 1996 utanriksminister, frå 2004 til 2006 forsvarsminister og frå 2006 til 2009 utanriksminister. Han sat så som finansminister i regjeringa til Manmohan Singh frå 2009 til 2012. I 2012 blei Mukherjee nominert til presidentembetet,[8] og forlét finansministerposten.[9] I presidentvalet møtte han opposisjonskandidaten P.A. Sangma.[10] Mukherjee vann valet med 70 % av røystene frå valkollegiet.[11]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Mukherjee har skrive fleire bøker om indisk samfunn og politikk:[6]

  • Midterm Poll (1969)
  • Beyond Survival: Emerging Dimensions of Indian Economy (1984)
  • Off The Track (1987)
  • Saga of Struggle and Sacrifice (1992)
  • Challenges Before the Nation (1992)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]