Lok Sabha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parlamentsbygningen Sansad Bhavan i New Delhi.

Lok Sabha (hindi लोक सभा) eller House of the People er underkammeret i det indiske parlamentet (overhuset er Rajya Sabha). Lok Sabha møter i Lok Sabha-romma i parlamentsbygningen Sansad Bhavan i New Delhi.

Partifordelinga i Lok Sabha i 2012. ██ United Progressive Alliance ██ Indian Union Muslim League ██ J&K National Conference ██ RLD ██ NCP ██ Kongresspartiet (Indian National Congress, INC) ██ CPM ██ CPI ██ Third Front ██ AIADMK ██ BSP ██ TDP ██ BJD ██ SP-RJD ██ JD(U) ██ AITMC ██ DMK ██ Sjølvstendige og andre ██ National Democratic Alliance ██ Bharatiya Janata Party (BJP) ██ SS

Lok Sabha har 545 representantar. 543 er valde ved direkteval frå kvar sin valkrins. 131 sete (18,42 %) er reserverte for representantar for dårlegstilte kastar (Scheduled Castes, 84 sete) og dårlegstilte stammar (Scheduled Tribes, 47 sete). I tillegg er det utnemnd 2 representantar for anglo-indarar. Den indiske grunnloven opner for at Lok Sabha kan ha 552 representantar, opptil 530 av dei representantar for statar, opptil 20 representantar for unionsterritoria, og opptil 2 representantar for anglo-indarane.[1]

Dei to største partia i Lok Sabha etter valet i mai 2009 var Kongresspartiet (Indian National Congress, INC), med 198 representantar og Bharatiya Janata Party (BJP) med 112 representantar.[2] Kjønnsfordelinga i 2009 var 485 menn og 59 kvinner.[3]

Den vanlege parlamentsperioden er fem år. Ved unntakstilstand er det mogleg for parlamentet å utvida perioden med opptil eit år.[4] For å kunne veljast til forsamlinga må ein vera minst 25 år gammal og ha indisk statsborgarskap.[3]

Valkrinsane er avgrensa etter innbyggjartalet i kvart område, og byggjer på folketeljingar. Den siste endringa av Delimitation Commission bygde på folketeljinga i 2001. Opphavleg var grensene meint å endrast etter kvar folketeljing, men eit grunnlovstillegg frå 1976 avgrensa endringane for å unngå at område med avgrensa folkevekst på grunn av ønskt familieplanlegging skulle straffast.[5]

Lok Sabha har ein eigen fjernsynskanal, Lok Sabha TV, som har hovudkvarter i parlamentsbygningen Sansad Bhavan.[6]

Den første parlamentsperioden til Lok Sabha byrja 17. april 1952 etter parlamentsvalet halde frå oktober 1951 til februar 1952. Lok Sabha har vore gjennom 15 periodar, den siste etter parlamentsvalet i 2009.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]