Pranab Mukherjee
Pranab Mukherjee
প্রনব কুমার মুখার্জী, | |||
Pranab Mukherjee | |||
Fødd | 11. desember 1935 (88 år) Birbhum-distriktet i Vest-Bengal | ||
---|---|---|---|
Død | 31. august 2020 | ||
Statsborgar av | India | ||
Parti | Kongresspartiet | ||
Yrke | politikar, sjølvbiograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Calcutta | ||
Utdanna ved | Universitetet i Calcutta Dhaka Collegiate School Suri Vidyasagar College Armanitola Government High School | ||
Far | Kamada Kinkar Mukherjee | ||
Ektefelle | Suvra Mukherjee | ||
Barn | Abhijit Mukherjee, Sharmistha Mukherjee | ||
Verv | President i India 25. juli 2012–25. juli 2017 | ||
Etterfylgjar | Ram Nath Kovind | ||
Alle verv |
|
Pranab Mukherjee (11. desember 1935–31. august 2020) var ein indisk jurist og politikar for Kongresspartiet. Han var president i India frå 2012 til 2017.[1] Mukherjee hadde også fleire ministerpostar, og sat sist som finansminister frå 2009 til 2012.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Mukherjee blei fødd i landsbyen Mirati i Birbhum-distriktet i den dåverande Bengal-provinsen i Britisk India og no delstaten Vest-Bengal. Faren, Kamada Kinkar Mukherjee, var aktiv i den indiske frigjeringsrørsla og var kongresspartirepresentant i delstatsforsamlinga frå 1952 til 1964. Mor hans var Rajlakshmi Mukherjee.[2][3]
Mukherjee studerte ved Suri Vidyasagar College i Suri.[4] Han tok mastergrad i statsvitskap og historie i tillegg til ein jussgrad (LL.B.) ved Universitetet i Calcutta.[3]
I 1957 gifta Pranab Mukherjee seg med Suvra Mukherjee, som opphavleg var frå Narail i Bangladesh, men hadde kome til India som tiåring.[5] Paret har to søner og ei dotter.[4]
I 1963 byrja Mukherjee å undervisa i statsvitskap ved Vidyanagar College i South 24 Parganas-distriket sør for Calcutta.[6] Han verka også som journalist for Desher Dak ('Landets røyst') før han gjekk inn i politikken.[7]
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Mukherjee var aktiv i indisk politikk i fleire tiår. I 1969 blei han vald inn i Rajya Sabha, det indiske overhuset, der han vann gjenval i 1975, 1981, 1993 og 1999. I 2004 blei han vald inn til underhuset, Lok Sabha. Frå 1982 til 1984 var han finansminister, frå 1995 til 1996 utanriksminister, frå 2004 til 2006 forsvarsminister og frå 2006 til 2009 utanriksminister. Han sat så som finansminister i regjeringa til Manmohan Singh frå 2009 til 2012. I 2012 blei Mukherjee nominert til presidentembetet,[8] og forlét finansministerposten.[9] I presidentvalet møtte han opposisjonskandidaten P.A. Sangma.[10] Mukherjee vann valet med 70 % av røystene frå valkollegiet.[11]
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Mukherjee har skrive fleire bøker om indisk samfunn og politikk:[6]
- Midterm Poll (1969)
- Beyond Survival: Emerging Dimensions of Indian Economy (1984)
- Off The Track (1987)
- Saga of Struggle and Sacrifice (1992)
- Challenges Before the Nation (1992)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pranab Mukherjee sworn in 13th President», The Hindu, 25. juli 2012.
- ↑ «Who is Pranab Mukherjee?». NDTV. 15 June 2012. Arkivert frå originalen 30. april 2013. Henta 11 July 2012.
- ↑ 3,0 3,1 «Biography». Pranab Mukherjee. Arkivert frå originalen 4. september 2010. Henta 11 July 2012.
- ↑ 4,0 4,1 «Shri Pranab Mukherjee». Government of India. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. Henta 11 July 2012.
- ↑ <http://www.thedailystar.net/newDesign/news-details.php?nid=268437>
- ↑ 6,0 6,1 «No surprises here, it’s a staid First Family» Arkivert 2012-08-30 ved Wayback Machine., Tehelka (26. juni 2012)
- ↑ «FM Pranab's first priority: Presenting budget 09-10». The Indian Express. 23 May 2009. Henta 23 May 2009.
- ↑ «India names finance minister to be new president», Boston.com, 15. juni 2012.
- ↑ «Pranab Mukherjee quits as India's finance minister», BBC News, 26. juni 2012.
- ↑ «India to elect new president Thursday», Deccan Herald, 18. juli 2012.
- ↑ «Pranab Mukherjee voted India's 13th President», Times of India, 22. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Pranab Mukherjee» frå Wikipedia på bokmål, og «Pranab Mukherjee» frå Wikipedia på engelsk den 22. mars 2015.