Pras Michel
Pras Michel | |
![]() | |
Fødd | 19. oktober 1972 (51 år) |
---|---|
Fødestad | Haiti |
Alias | Pras |
Opphav | USA |
Aktiv | 1989– |
Sjanger | Hiphop, soul, reggae, pop rap, pop, alternativ hiphop, austkystrap |
Instrument | tangentinstrument, sampler, vokal |
Plateselskap | Columbia Records |
Verka som | rappar, songar, låtskrivar, musikkprodusent, skodespelar |
Prakazrel Samuel Michel (fødd 19. oktober 1972) også kjend som Pras Michel eller berre Pras er ein haitisk-amerikansk rappar og skodespelar, fødd og oppvaksen i Brooklyn i New York.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Pras byrja karrieren sin i hip-hop-trioen Fugees, saman med Wyclef Jean og Lauryn Hill. Fugees hadde aukande suksess frå 1992 - 1997, men vart deretter oppløyst. Medlemene heldt fram med kvar sine solokarrierar. Pras Michel deltok i ei heil rekkje samarbeidsprosjekt; eit av dei mest kjende er cd-en og singelen Ghetto Supastar (That Is What You Are) saman med Mýa og Ol' Dirty Bastard. Pras har vore med på å vinna fleire musikkprisar, mellom anna Grammy-prisen.
I 1999 debuterte Pras som skodespelar, og fram til 2007 hadde han spelt i ti filmar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Engelsk Wikipedia om Pras, henta inn 25. mars 2011.