Predestinasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Predestinasjon er ei kristen lære som seier at enkeltmenneske er forutbestemte til frelse eller fortaping.

Utgangspunktet for denne tenkinga er trua på at Gud er allmektig og allvitande, og at ikkje noko skjer uten at det er Guds vilje. Vidare byggjer ho på at mennesket i seg sjølv er syndig og fortapt; frelsa er eit under som kjem av at den truande er utvald til frelse etter Guds evige beslutning.

Det nye testamente har inga samanhengjande lære om predestinasjon, men mange utsegner kan tolkast til fordel for henne (Rom 8,29; 9,18; Ef 1,4; Joh 6,70).

Ei teologisk lære om predestinasjon blei først utforma av Augustin av Hippo. I kampen mot Pelagius sin synergisme hevda han at mennesket ikkje kan gjera noko for si eiga frelsa, og at Gud derfor har vald ut eit bestemt tal til frelse.

Calvin representerer predestinasjonslæra i den strengaste forma, men reformerte kyrkjer i nyare tid held sjeldan på denne strenge læra. Også Luther var tilhengjar av predestinasjonslæra, ettersom han følgde tradisjonen frå Augustin. For Luther var det likevel viktig å ikkje gjera temaet til gjenstand for teologisk spekulasjon; for han hadde det med den skjulte, og ikke med den openbarte, Gud å gjera. Læra er ikkje teken opp i dei lutherske vedkjenningsskrifta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]