President Beaches
President Beaches | |||
strand | |||
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°37′30″S 61°07′00″W / 62.62500°S 61.11667°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
President Beaches 62°37′30″S 61°07′00″W / 62.625°S 61.1167°W | |||
President Beaches er ei rekkje strender som strekkjer seg 11 km langs den vide vestenden av Byers Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis mellom Start Point i nord og Devils Point i sør.
Namnet «West Beaches» vart gjeve av K.R. Everett i United States Antarctic Research Program (USARP) som undersøkte jordsmonnet i området i februar 1969. Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) valde i staden å bruk det historiske namnet for dette området. Så tidleg som 1820-21 skal selfangarar frå Stonington ha nytta namnet «President's Harbor» (no New Plymouth) for ankerplassen like utanfor strendene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «President Beaches» (innhald frå Geographic Names Information System).