Prestekrage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå prestekrage i klednad.
Prestekrage
Prestekrage
Prestekrage
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Slekt: Prestekrageslekta Leucanthemum
Art: Prestekrage L. vulgare
Vitskapleg namn
Leucanthemum vulgare

Prestekrage (Leucanthemum vulgare, tidlegare Chrysanthemum leucanthemum) er ein art i korgplantefamilien. Planten har ei sirkumpolar utbreiing. I Noreg veks han i alle delar av landet.

Prestekragen er vanlegvis 30 cm høg, men kan vere mykje høgare. Planta er fleirårig, og har ein enkel stengel, oftast med ei korg. Prestekrage blømer i juni på kunsteng og mosegrodde bakkar. Kantkronene er kvite. Nedre blad er skafta, øvre sitjande. Frukta er utan fnokk eller med ein liten krage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.