Preteritum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preteritum, eller fortid, er eit grammatisk trekk i den grammatiske kategorien tempus. Grunnfunksjonen til preteritum er å markere eit referansepunkt før talehandlinga, som i setningane

  1. Per sov
  2. Per hadde sove

I den første setninga skjer sovinga før setninga vart ytra. I den andre setninga (som står i preteritum perfektum) skjer tilstanden av at Per si soving er over på eit tidspunkt før setninga vart ytra.

Preteritum kan også uttrykke kjensle (som i setninga Det var god kaffi! ytra medan ein drikk), og i lag med partisipp ein tilstand som ikkje er verkeleg (Det hadde vore fint å vere der no.).

I norsk skolegrammatikk var det tidlegare ein tradisjon med å kalle preteritum «imperfektum». Det var ein uheldig tradisjon, i og med at imperfektum (som term) kontrasterer med perfektum (bokstavleg: ikkje-perfektum). I norsk er det ikkje slik. Forma som no vert kalla preteritum står i opposisjon til presens, og ikkje til perfektum.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Faarlund, Jan-Terje, Svein Lie og Kjell-Ivar Vannebo 1997: Norsk referansegramamtikk.