Tempus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tempus, eller tid, er ein grammatisk kategori ved verbet. Med tempus uttrykkjer talaren korleis handlinga er plassert i tid samanlikna med sjølve talehandlinga, om handlinga skjer før, samtidig med eller etter talehandlinga. I norsk har tempus to trekk, presens og preteritum. Preteritum blir brukt primært der verbet viser til ei handling som skjedde før talehandlinga, mens presens blir brukt om handlingar i taleaugeblinken, i framtida, og om utsegner som ikkje er avgrensa i tid og rom. Preteritum vart tidlegare kalla for imperfektum, men dette var eit uheldig namn, i og med at preteritum står i opposisjon til presens, og ikkje til perfektum.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Faarlund, Jan-Terje, Svein Lie og Kjell-Ivar Vannebo 1997: Norsk referansegramamtikk.