Prins Philip, hertug av Edinburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Philip
Duke of Edinburgh 33 Allan Warren.jpg
FøddPhilip Battenberg
10. juni 1921
Kérkyra i Hellas
Død9. april 2021
Windsor Castle
TittelHertug av Edinburgh
Alle titlarHertug av Edinburgh
Prins av Storbritannia
Jarl av Merioneth
Baron av Greenwich
Fullt namnPhilip Mountbatten
Hus eller slektMountbatten, Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
GravstadSt. George's Chapel
LandStorbritannia
MorAlice av Battenberg
FarAndreas av Hellas og Danmark
EktefelleElizabeth II av Storbritannia
BarnPrins Charles av Wales, Anne Mountbatten-Windsor, Andrew, hertug av York, Edward, jarl av Wessex
MedlemRoyal Society
Royal Microscopical Society

Philip (10. juni 19219. april 2021) var ektemannen til dronning Elizabeth II av Storbritannia, hertug av Edinburgh, prins av Storbritannia og tidlegare prins av Hellas og Danmark.

Philip Mountbatten, tidlegare Glücksburg, var opphavleg gresk statsborgar, med titlane prins av Hellas og Danmark. Han gav avkall på desse titlane og statsborgarskapet for å gifta seg med den dåverande prinsesse Elizabeth.

Seinare fekk han titlane hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth og baron Greenwich. Han vart òg gjort til britisk prins.

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Philip var det eldste gjenlevande tipp-tipp-oldebarnet til dronning Victoria av Storbritannia, så vel som den eldste gjenlevande etterkomaren hennar etter dødsfallet til grev Carl Johan Bernadotte av Wisborg 5. mai 2012. På grunn av avstamminga frå den britiske kongefamilien var prins Philip òg med i arverekkjefylgja til den britiske trona.

I juli 1993 stadfeste britiske forskarar, gjennom DNA-analysar av blodet til prins Philip, at dei kunne stadfeste identiteten til restane av fleire medlemer i familien til keisarinne Aleksandra av Russland, fleire tiår etter massakren av bolsjevikane i 1918. Prins Philip var då éin av to levande oldeborn frå den kvinnelege lina etter Aleksandra si mor, prinsesse Alice av Storbritannia. Den andre var systera hans, prinsesse Sophie av Hellas og Danmark, som døydde i 2001.

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

  • 10. juni 1921–18. mars 1947: Den Høgvørde Prinsen Philip av Hellas og Danmark
  • 18. mars 1947–19. november 1947: Løytnant Philip Mountbatten
  • 19. november 1947–20. november 1947: Den høgvørde sir Philip Mountbatten
  • 20. november 1947–22. februar 1957: Den høgvørde hertugen av Edinburgh
  • Frå 22. februar 1957: Den høgvørde prins Philip, hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth, baron Greenwich

Ordenar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1952 vart han tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.