Prion Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°1′S 37°15′W
Prion Island
øy
Prion Island Panorama.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia
Koordinatar 54°1′S 37°15′W
Prion Island is located in Antarktis
Prion Island (Antarktis)

Prion Island er ei øy 2,5 km nord-nordaust for Luck Point, som ligg i Bay of Isles i Sør-Georgia. Ho vart kartlagd i 1912-13 av Robert Cushman Murphy, ein amerikansk naturalist ombord på briggen Daisy, og fekk dette namnet fordi han såg prionar på øya.

Øya har status som Specially Protected Area, særskild verneområde, av styresmaktene på Sør-Georgia, fordi ho er fri for rotter og fordi vandrealbatrossar hekkar her. Ein må ha spesialløyve for å gå i land på øya. Det vart bygd ei gangbru med to utkikksplattformar på øya i 2008 for å hindre erosjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prion Island» (innhald frå Geographic Names Information System).