Professor emeritus
Utsjånad
Professor emeritus (av latin 'uttent') er ei nemning for ein professor som har avslutta sitt tilsettingsforhold ved ein lærestad, men som enno har ein fagleg tilknyting til lærestaden.
Avgåtte professorer kan bruke tittelen professor emeritus (m), ev. professor emerita (f), sidan professortittelen ikkje berre er ein stillingstittel, men òg ein tittel som viser til ein fagkompetanse. Mange pensjonerte professor emeriti (pl.) har kontor på lærestaden og utgjer ein fagleg ressurs som kan utnyttast på ulikt vis.