Programmeringsgrensesnitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Programmeringsgrensesnitt (engelsk application programming interface, API) er eit programvarelag mellom eit operativsystem og brukarprogramma på ei datamaskin. Føremålet med eit programmeringsgrensesnitt er å standardisera kommunikasjonen mellom brukarprogramma og operativsystemet, slik at same brukarprogramkode kan rekompilerast og nyttast på fleire ulike operativsystem. Eit programmeringsgrensesnitt gjer det òg enklare å skriva kode, etter som ein ikkje treng å kjenna til og ta omsyn til alle detaljane av operativsystemet.

Det finst ulike typar programmeringsgrensesnitt. Nokre, som POSIX og Win32 [1], er generelle programmeringsgrensesnitt, som sit mellom operativsystemet og brukarprogramma. Andre, som ALSA, JACK, Core Audio, ASIO [2], DirectSound, LADSPA, etc., er spesialprogrammeringsgrensesnitt for digital lyd [3], medan OpenGL [4] og Open Inventor er spesialprogrammeringsgrensesnitt for grafikk.

Når ein programmerer i høgnivåspråk, som til dømes C++ og Java, er det vanleg å nytta eit programvarebibliotek, som Qt, med ferdige modular. Programkoden kommuniserer då med funksjonar i førehandsdefinerte klassar, i staden for brukargrensesnittet til operativsystemet. Programmeraren kan da konsentrera seg om funksjonaliteten, i staden for detaljar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petzold, C., Programming Windows 95, Microsoft Press, 1996.
  2. ASIO4ALL - Universal ASIO Driver For WDM Audio
  3. Kientzle, T., A programmer's guide to sound, Addison-Wesley, 1998.
  4. Angel, E., OpenGL, Addison-Wesley, 2002.