Prost Aleksander av Konstantinopel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prost Aleksander av Konstantinopel
Fødd4. hundreåret
Yrkeigumen

Aleksander av Konstantinopel er ein helgen i den ortodokse kyrkja. Han var biskop av Bysants. Byen blei gjeven namnet Konstantinopel under bispetida hans.

Aleksander vart fødd i Asia og blei utdanna i Konstantinopel. Han tenestegjorde i militæret i ein periode, men la etterkvart bak seg det verdslege livet. Han vart munk i eit kloster på ein aude stad i Syria nær Antiokia under igumen Ilja. Etter fire år fekk han igumen si velsigning til å verte eremitt. Då han reiste ut i ørkenen tok han berre evangeliet med seg. Aleksander var i ørkenen i sju år. Då talte Gud til han og bad han gå ut og preike til heidningar. Aleksander døypte den lokal borgarmeisteren, Ravul, som seinare vart via som prest og i 30 år var han biskop i Edessa. Mange av innbyggjarane i byen vart døypte samstundes med Ravul og dei brende dei heidenske gudebileta sine ein stad i byen.

Minnefestdagar for Aleksander av Konstantinopel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]