Protevs
Hopp til navigering
Hopp til søk

Protevs som tenkt av Andrea Alciato på midten av 1500-talet.
Protevs (gresk Πρωτεύς) er ein tidleg havgud i gresk mytologi. Han kunne føreseia framtida.
Ifølgje Odysseen av Homer budde Protevs på Faros utanfor Egypt og vakta selane til Amfitrite. På heimvegen frå Troja tvinga Menelaos han til å fortelja om framtida, men Protevs prøvde lenge å unngå dette ved å ta ulike skikkelsar (løve, slange, vatn osb.). Dette har gjeve opphav til ord som «protevsaktig», engelsk protean, om noko som er vanskeleg å få tak på.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Protevs» i Store norske leksikon, snl.no.