Protoplanetarisk tåke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Det raude rektangelet, ei protoplanetarisk tåka.

Protoplanetariske tåker er refleksjonståker som er førestadium til planetariske tåker. Fasen som ei protoplanetarisk tåka er kortvarig og sluttar når sentralstjerna blir varmare og sender ut ultrafiolett stråling som får sjølve tåka til å gløda, i staden for at ho berre reflekterer lyset frå moderstjerna.[1] Dette er samstundes sluttfasen til stjerna som dannar den planetariske tåka. Ei slik stjerne, med masse omtrent som sola, utviklar seg etter omtrent 10 milliarder år til ei raud kjempestjerne, blir ustabil og sender ut store mengder gass. Den inste delen av stjerna blir etter kvart ei kvit dvergstjerne med særs høg overflatetemperatur. Ho sender ut energirik stråling. Når strålinga treff gassen som vart sendt ut tidlegare, blir gassen lysande. Gassen strøymer vanlegvis ut i jetstraumar, og til å byrje med vert det observert ein uregelmessig fasong på den lysande gasskya. Den observerte gassen vert no kalla ei protoplanetarisk tåke. Vanlegvis roterer systemet, og etter kvart får gassen ein aksesymmetrisk fordeling med den kvite dvergstjerna i sentrum. Når gassen vert observert på dette stadiet, vert han ei planetarisk tåke.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hubble Astronomers Feast on an Interstellar Hamburger» - kort om protoplanetarisk tåker på NASA-heimesida til Hubble.