Provinsen Ciudad Real
Utsjånad
Ciudad Real er ein provins sentralt i Spania, sørvest i den autonome regionen Castilla-La Mancha. Han grensar til provinsane Cuenca, Albacete, Jaén, Córdoba, Badajoz og Toledo. Provinshovudstaden er Ciudad Real.
Provinsen har kring ein halv million innbyggjarar.
Tablas de Daimiel nasjonalpark ligg i Ciudad Real, medan Cabañeros nasjonalpark ligg i både denne provinsen og provinsen Toledo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ciudad Real (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.