Provinsen Cádiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Cádiz

Cádiz er ein provins sør i Spania, sørvest i den autonome regionen Andalucía. Han grensar til provinsane Huelva, Sevilla og Málaga og til både Atlanterhavet, Middelhavet og Gibraltarsundet, samt Gibraltar.

Provinsen har eit areal på 7 442 km² og kring 1,2 millionar innbyggjarar. Provinshovudstaden er byen Cádiz, som har kring 130 000 innbyggjarar. Den største byen er Jerez med meir enn 200 000 innbyggjarar, medan Algeciras har kring 115 000. Av alle innbyggjarane bur kring halvparten i området rundt Cádizbukta. Provinsen har 44 kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°30′N 5°45′W