Provinsen Como
| Como | |||
| provins | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Lombardia | ||
| Hovudstad | Como | ||
| Areal | 1 288,07 km² | ||
| Folketal | 598 333 (31. desember 2024)[1] | ||
| Postnummer | 22100 | ||
| Retningsnummer | 031 0344 02 0331 | ||
| Bilnummer | CO | ||
![]() Provinsen Como 45°49′00″N 9°05′00″E / 45.816666666667°N 9.0833333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Como | |||
Provinsen Como (italiensk Provincia di Como) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Como. Han har eit areal på 1 288 km² og totalt 594 657 innbyggjarar i 2021. Det er 162 kommunar i provinsen.
Han grensar til kantonane Ticino og Graubünden i Sveits i nord, dei italienske provinsane Sondrio og Lecco i aust, provinsen Milano i sør og provinsen Varese i vest.
Andre store byar er Cantù, Erba, Mariano Comense og Olgiate Comasco. Campione d'Italia er òg ein del av provinsen og er ein enklave i Ticino i Sveits.
I 2005 er dei største kommunane i provinsen Como:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Como | 83 144 |
| Cantù | 36 742 |
| Mariano Comense | 21 844 |
| Erba | 16 874 |
| Olgiate Comasco | 10 893 |
| Lurate Caccivio | 10 052 |
| Cermenate | 8 772 |
| Fino Mornasco | 8 748 |
| Turate | 8 389 |
| Lomazzo | 8 329 |
| Inverigo | 8 280 |
| Mozzate | 7 494 |
| Appiano Gentile | 7 236 |
| Cabiate | 7 100 |
| Cernobbio | 7 036 |
Dei bergamaskiske Alpane og nokre åsar dekkjer heile provinsen. Her ligg òg Comosjøen og byen Como er kjend som fødestaden til Alessandro Volta, oppfinnaren av batteriet i 1800.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Como» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2007.

