Prydbønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prydbønne
Prydbønne
Prydbønne
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Phaseoleae
Slekt: Bønneslekta Phaseolus
Art: Prydbønne P. coccineus
Vitskapleg namn
Phaseolus coccineus

Prydbønne, pralbønne eller blomsterbønne (Phaseolus coccineus) er ein art i erteblomfamilien som blir dyrka som prydvekst og tildels som matvekst.

Prydbønneplanten er ein slyngplante som kan bli opptil 4 m høg. Han slynger seg i ein spiral som går med klokka, til forskjell frå dei fleste andre bønner som slynger seg mot klokka.[1] Han skil seg også frå andre bønner ved at kimblada blir verande under jorda, slik at dei første blada ein ser frå spira er dei vaksne blada.[2]

Planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig ettersom han ikkje toler frost.[3][4]

Prydbønne har raude eller raude og kvite blomar i klasar. Frøa er store og brokete. Røtene er tjukke og knollforma.

Varieteten P. coccineus var. albiflorus (av og til rekna ein art, P. multiflorus) har kvite blomar og ikkje knollforma røter.

Dei flate, 10–30 cm lange belgane kan brukast som grønsak etter koking. Dei modne frøa kan vera giftige, fordi dei inneheld lektinet fytohaemgglutinin. Lektinet blir øydelagd gjennom langvarig koking.[4]

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Prydbønna stammar frå fjellområde i Sentral-Amerika, der ein har dyrka henne i nær to tusen år.[3] Det finst framleis ville slektningar av den dyrka planten i kjølige, skuggerike dalar i Guatemala og Mexico.[2]

Prydbønne blir dyrka i ei rekkje land, mellom anna Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phaseolus coccineus, Missouri Botanical Garden 
  2. 2,0 2,1 Phaseolus coccineus, Floridata 
  3. 3,0 3,1 PHASEOLUS coccineus, Learn2Grow, arkivert frå originalen 31. juli 2017, henta 31. juli 2017 
  4. 4,0 4,1 Phaseolus coccineus - L., Plants for a Future 

«prydbønne» (25. mai 2016) i Store norske leksikon, snl.no.