Psychonauts 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Psychonauts 2
Utviklar(ar)Double Fine
Utgjevar(ar)Xbox Game Studios
Komponist(ar)Peter McConnell
Plattform(er)Microsoft Windows
Linux
macOS
PlayStation 4
Xbox One
Xbox Series X/S
Utgjeving25. august 2021
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar

Psychonauts 2 er eit plattformspel utvikla av Double Fine og utgjeve av Xbox Game Studios. Spelet vart annonsert under The Game Awards i 2015 og utgjeve i 2021.

Tim Schafer hadde uttrykt eit ønske om å lage ein oppfølgjar til det originale Psychonauts, men kravet til eit finansielt grunnlag for å starte utviklinga hindra at spelet vart noko av. Etter at originalen selde bra gjennom ulike distribusjonskanalar, kombinert med sterk etterspurnad frå tilhengjarskaren av det første spelet, starta Double Fine ein innsamlingskampanje via Fig for å finansiere utviklinga av Psychonauts 2, som vart lansert samtidig som spelet vart annonsert. Kampanjen samla inn 3,3 millionar US-dollar innan 6. januar 2016.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Psychonauts 2 har nådd pengeinnsankingsmålet». Gamer.no. 20. januar 2016. Henta 17. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]